Nils Tveit var ordførar 1917-40, og i 1945. Han var rosemålar, gardbrukar, fylkesformann i Hordaland, stortingsmann, han sat i ei røys med styre av alle slag, og skreiv Ossongen og Ossoga. I hans tid var det satsing på skulen, trøkk på kraftutbygginga og vegane blei betre (vegen til byn blei dessverre så bra at Osbanen blei utkonkurrert og la ned).
Nils Tveit, 1876-49, portrettert av Sigurd BuggeViktig no, viktig då
Kva tema fortener ein plass i kalenderen, er det ei viktig kommunal teneste der det skjedde store endringar i Nils Tveit si tid? Eigentleg ganske enkelt: Eldreomsorg. For 100 år sidan var dei eldste innbyggarane utan eigen midlar heilt avhengige av familien. Alderspensjon blei ikkje innført før i 1937, og var nokså beskjeden. I mellomkrigstida auka presset på fattigbudsjettet i Os.
Utsett - og utsett igjen
Spørsmålet var aktuelt då som no: Korleis bruke knappe kommunale midlar mest mogeleg effektivt for å gi best mogeleg tenester? Alt i 1915, to år før Nils Tveit blei ordførar, hadde fattigstyret bønfalt heradstyret om å kjøpe tomt til å bygge ein gamleheim. Men kommuneøkonomien var stram, og han blei ikkje betre. Då fekk Nils Tveit drahjelp av sin gode ven sokneprest Andreas Åmot, som sette i gang ei innsamling til gamleheim. Marta Lekven bidrog med heile 10 000 kroner, ein særs raus sum, med tanke på at heile fattigbudsjettet i Os var 13 000 kroner i 1920. Johan Ludwig og Julie Mowinckel på Moldegaard bidrog til prosjektet med 5000 kroner i året i mange år, til saman 40 000 kroner.
Innflyttingsklart!
Men år etter år utsette kommunestyret med knapp margin å begynne bygginga. Børskrakket på Wall Street i 1929 traff hardt, sjølv i Os. I 1930 måtte kommunebudsjettet reduserast med heile 25 % samanlikna med fem år før. Men pengegåvene til gamleheimen var heldigvis sett på bok, så no blei det ordning likevel. Arkitekt Jens Bull teikna, bygginga gjekk i gang, og i 1932 kunne 24 eldre osingar flytte inn under same tak i Oshaugen. Ei stor livsendring.
Støtte i kvarandre
I dag blir vi stadig fleire eldre, og mange får ulike demensdiagnosar og har aukande hjelpebehov. Det gjeld ikkje berre her, så sjølv om kommunen var steinrik, hadde det vore ei utfordring å få tak i nok fagfolk til feltet. Sjølv om eldreomsorga ser veldig annleis ut nesten 100 år etter at Os fekk sin første gamleheim, er det framleis dei pårørande som ber den tyngste børa, praktisk og emosjonelt.
Nils Tveit var ein løysingsorientert og framsynt ordførar, og det er lett å sjå for seg at han hadde applaudert dagens ordning med kommunale demenskoordinatorar, og ikkje minst ville han ha heia på dei pårørande som klokt finn saman i organiserte grupper og hentar støtte frå kvarandre.
Denne teksten er verdt å lese, om du ikkje alt har gjort det: - Å finne styrke i fellesskapet - Bjørnafjorden kommune
-
Då Ous blei stifta i 1837, omfatta kommunen det som seinare har vore Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen, i ymse konstellasjonar.
Kort samandrag:
1837: Ous omfatta det som i dag er Bjørnafjorden kommune + Samnanger
1855: Fusa forlet Os og blei eige herad
1903: Fusa blei delt i Hålandsdalen, Strandvik og Fusa herader
1907: Samnanger og Os skilte lag
1964: Hålandsdalen, Standvik og Fusa slo seg saman igjen etter 60 år som tre kommunar, og blei igjen heitande Fusa
2020: Fusa og Os blei slått saman til Bjørnafjorden kommune
Dei åtte historiske heradskonstellasjonane som i dag utgjer Bjørnafjorden kommune (solo-Samnanger frå 1907 er ikkje med i ordførarkalenderen) har sjølvsagt hatt langt fleire enn 24 ordførarar. Kalenderutvalet er derfor nettopp det - eit utval.