Sektorplan for kultur, idrett og friluftsliv 2025-2037Bjørnafjorden kommune arbeider med ein sektorplan for kultur, idrett og friluftsliv 2025-2037. Dette er den første samla kulturplanen i Bjørnafjorden, og han kjem til å erstatta tidlegare tematiske kommunedelplanar og fagplanar på kulturfeltet.ForankringPlanen bygger på Kommunal planstrategi for Bjørnafjorden kommune (PDF, 2 MB) og Kommuneplanen sin samfunnsdel. Sektorplanen tek også opp i seg nasjonale og regionale føringar på kulturområdet, for eksempel kulturlova og fylkeskommunen sin nye kulturplan «Kultur bygger samfunn»InnspelHar du innspel, idear og synspunkt? Send dei inn her! Tema og temaansvarlege• Fritid og frivillig: rådgivar Grete Byrkjeland• Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet: rådgivar Tom Leonsen• Kunst- og kulturformidling: biblioteksjef Kirstine Folmann• Kulturarv og lokal identitet: rådgivar Kristin Vangsnes BøeDen tematiske oversikta er førebels og kan bli endra i arbeidet med planen. OrganiseringKultursjef Erik Vangsnes er prosjektleiar for planarbeidet.Styringsgruppe er kommunedirektøren si leiargruppe + prosjektleiar.Prosjektgruppa er prosjektleiar og temaansvarlege for dei fire delane av planen.I tillegg er tematiske arbeidsgrupper og utvida referansegrupper aktive undervegs i prosessen.TidsplanMålet er at planen kjem til politisk behandling hausten 2025 med endeleg vedtak i kommunestyret.Kjelder og kunnskapsgrunnlaghttps://kulturindeks.no/rapport/4624/1/1https://idrettsindeks.no/rapport/4624/1/1Ung data: Slik er det å vere ung i Bjørnafjorden 2024 - Bjørnafjorden kommuneFrivilligkartlegging: rapport-kartlegging-av-lag-og-foreninger-i-bjornafjorden.pdfAnleggsregisteret.noInnspelHar du innspel, idear og synspunkt? Send dei inn her! Sist endra 20.11.2024 15:22