Korleis få salsløyve?
Salsløyvet blir gitt til den personen eller verksemda som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova, vere over 20 år, arbeide i den aktuelle verksemda og elles oppfylle krava til vandel i alkohollova.
Bruk det elektroniske søknadsskjemaet under. I søknaden må du mellom anna gi opplysningar om staden, eigartilhøve og namn på styrar og avløysar for løyvet.
Desse vedlegga må følge med søknad om salsløyve:
- Firmaattest
- Skatteattest for driftsselskapet
- Adkomstdokument (leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det blir søkt om).
- Teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert.
- Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
- Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova.
- Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablerarprøva.
- Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknyting til serveringsstaden.
Endringar i løyveperioden
Dersom det skjer endringar i drifta i løpet av dei fire åra salsløyvet gjeld, til dømes skifte av styrar og avløysar eller endring i eigartilhøva, krev vi ofte ny godkjenning eller nytt løyve.
Dersom verksemda blir overdratt til andre, fell salsløyvet vekk dersom det ikkje blir søkt om endring/nytt løyve innan 30 dagar etter overtaking.
Kva kostar det?
Prisen for eit salsløyve blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk. Minstegebyret er kr 1630 per år.
Når får eg svar?
Saksbehandlingstida er inntil åtte veker frå du har sendt oss all nødvendig informasjon. Vaktselskap/kontrollørar, politi, skatteetaten og sosialtenesta skal uttale seg om søknaden. Dersom nokon av desse har merknader til søknaden, eller du gjer endringar undervegs, kan saksbehandlingstida bli lengre.