Arild McClellan Steine tilsett som kommunedirektør

Kommunestyret vedtok i dag samrøystes å tilsette Arild McClellan Steine (50) som ny kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune. 

Arild McClellan Steine blir ny kommunedirektør i Bjørnafjorden. Privat

- Vi er særs nøgde med å få Arild McClellan Steine på laget i Bjørnafjorden kommune. Dette er ein god dag, oppsummerer ordførar Terje Søviknes (FrP).

Det Bjørnafjorden treng

Steine har solid erfaring som kommunal toppleiar, først som rådmann i Kvam herad og no i Voss herad. I tillegg har han erfaring frå privat sektor, og er siviløkonom i botn. 

- Vår vurdering er at vi no får ein strategisk, analytisk, endringsorientert, tillitvekkande og svært kunnskapsrik kommunedirektør. Det treng Bjørnafjorden kommune i dei omstillingsprosessane vi står i no, seier Søviknes. 

-Spennande kommune

- Eg er svært glad for tilliten eg i dag har fått i Bjørnafjorden kommunestyre. Kommunen er spennande, attraktiv og har eit stort utviklingspotensial. Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på jobben, seier Steine.  

Tillit er viktig

-I mitt virke som rådmann har det å bygge tillit stått heilt sentralt. Tillit, i og mellom organisasjonen, folkevalde og befolkninga generelt, er den viktigast byggesteinen for ein kommune. For å lukkast med dette må ein jobbe systematisk med leiarskap og organisasjonskultur. Openheit, etikk, meistringsleiing, kontinuerleg forbetring, økonomisk kontroll og samarbeid med private er dei viktigaste verktøya i arbeidet, seier Steine. 

-Gler meg

-No gler eg meg til å bli betre kjent med tilsette, politikarar og heile Bjørnafjorden kommune, seier Steine, som også kan røpe at han allereie kjenner deler av kommunen godt sidan familien har fritidsbustad i Hålandsdalen.  

Arild McClellan Steine tar truleg til i stillinga som kommunedirektør i Bjørnafjorden 1. mai 2024.

Arild McClellan Steine

Arild McClellan Steine er fødd 1. oktober 1973, og bur i Nordheimsund i Kvam herad. 

Utdanning

Han er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (2002) og har tilleggsutdanning i samfunnsvitskap frå universitet i USA, samt studiepoeng i prosjektleiing frå Handelshøyskolen BI. 

Arbeid

Steine starta si yrkeskarriere som controller i Kvam herad i 2002. I 2005 blei han tilsett som rådgivar i KPMG i Bergen. I åra fram til 2010 arbeidde han òg som rådgivar i Sparebanken Vest og Skatteetatens IT- og Servicepartner i Oslo. 
I 2010 gjekk han tilbake til Kvam herad som økonomisjef. Året etter blei han tilsett som rådmann i heradet. 

I Kvam var han rådmann fram til han i 2018 blei rådmann i Voss herad – ei stilling han framleis har. I tillegg til å vere rådmann i Voss, var han leiar for samanslåinga av Voss og Granvin. 

Verv

Steine har i tillegg vore medlem av KS sitt sentrale rådmannsutval, nestleiar i rådmannsutvalet i Hordaland og medlem av KS sitt kommunedirektørutval i Vestland.