Auke i kommunale avgifter 2023

Den 15. desember 2022 vedtok kommunestyret dei nye gebyrsatsane for 2023. Mellom anna aukar vassgebyra med 7 %, medan avløpsgebyra aukar med 18 %.

Dette er ein stor auke, og vi ønskjer å forklare deg meir om bakgrunnen.

Sjølvkostprinsippet

Gebyra for vass- og avløpsområdet er omfatta av det såkalla sjølvkostprinsippet.  Sjølvkostprinsippet betyr at inntektene for ei teneste eller eit produkt ikkje skal overstige kostnadene ved å produsere tenesta eller produktet. 
Over tid (fem år) skal inntektene og kostnadene vere i balanse.

Kommunelova gir overordna reglar for utrekning av sjølvkost, medan sjølvkostforskrifta gir meir detaljerte reglar.

Det er både direkte og indirekte kostnader innanfor eit slikt sjølvkostområde - både driftsutgifter til vass- og avløpsanlegga og kapitalkostnader.

Store investeringar

Vass- og avløpsområdet i Bjørnafjorden kommune har hatt store investeringar over tid. Derfor er over halvparten av kostnadene knytt til kapitalkostnader (avskrivingar og renter). 

Høgare rente

I 2022 såg vi ein uvanleg stor auke i rentenivået. Dette betyr ein stor auke i rentekostnadane for sjølvkostområdet i både 2022 og 2023. 

Per 31. desember 2022 hadde vass- og avløpsområdet i Bjørnafjorden kommune rett over 1 milliard kroner i balanseførte anlegg som det skal reknast rentekostnader på. Dette vil seie om lag kr 150 000,- per abonnent. Av dette er om lag 66 % knytt til avløp, medan 34 % er knytt til vatn.

Denne auken i rentekostnader betyr at det dessverre er nødvendig å auke vass- og avløpsgebyra i 2023.

Sjå betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune 2023
Her kan du òg sjå fakturaene dine, bestille månadleg faktura og be om betalingsutsetjing.