Det blir mykje pengesnakk i kommunestyret på torsdag.I tillegg skal dei behandle saker knytt til Miljøløftet, ei sak om heilskapleg innsatstrapp og ei om strategisk bustadpolitikk.
Årsrekneskap
Møtet startar med behandling av årsrekneskapen for kommunen sine to kommunale føretak, Os Idrettspark Bjørnafjorden KF og Oseana kunst- og kultursenter Bjørnafjorden KF. Deretter er det kommunen sitt eige rekneskap som skal til behandling.
Oseana har hatt eit meirforbruk i tidlegare år. Innstillinga frå formannskapet er at dette underskotet bli dekka av fond frå Oseana Grieg Foundation og frå kommunestyret sitt disposisjonsfond.
Kommunestyret skal også behandle årsmeldinga frå 2024, som er det tredje tertialrapporten frå i fjor. Så kjem finansrapporten for 2024 til behandling før ei sak om justering av grunnkapitalen for kommunen sine langsiktige investeringar som følge av resultata i 2024.
Første tertialrapport
Avkastningsrapporten per mars 2025 og ei etterkalkyle av gebyrfinansierte sjølvkosttenester for 2024 kjem før behandlinga av årets første tertialrapport, som fortel om stoda i kommunen sin økonomi og tenester.
Tertialrapporten viser at driftsnivået i Bjørnafjorden kommune ligg på eit for høgt nivå i forhold til kommune sine inntekter. Skatteanslaget er redusert, men skatteinntektene dei første fire månadane har vore høgare enn antatt.
Statsforvaltaren har uttale til kommunen sitt vedtak om budsjett for 2025 og økonomiplan for åra 2025-2028. Uttalen blir behandla i dette møtet. Det har komme inn lovlegklage knytt til dette vedtaket, men Statsforvaltaren finn ikkje grunn til å oppheve vedtaket.
DigiVestland
Bjørnafjorden kommune har vore med i digitaliseringssamarbeidet DigiVestland, som er eit samarbeid med Bergen og mange andre kommunar i Vestland fylke om digitalisering av offentlege tenester. Kommunestyret skal ta stilling til eit forslag om å inngå avtale om å forlenge dette samarbeidet.
Kommunestyret skal også behandle to saker om Miljøløftet, årsmelding og handlingsprogrammet for åra 2026 til 2029. desutan skal dei behandle ei lokal forskrift om påslepp av olje. Og feitthaldig avløpsvatn.
Innsatstrapp
Bjørnafjorden kommune har sidan november 2024 jobba med prosjektet Heilskapleg innsats, som tar sikte på å levere gode tenester til innbyggarane for ein mindre kostnad, slik at kommunen kan få ein berekraftig økonomi. Hovudretninga er å satse på førebyggande tiltak, slik at det blir mindre behov for kostbare tiltak i framtida.
Ei av satsingane i så måte er strategisk bustadpolitikk. Det inneber å legge vekt på heildøgns omsorgsbustader (HDO), tilrettelegging for aldersvennlege leilegheiter og samarbeid med private aktørar. Saka kommunestyret får til behandling foreslår å gjennomføre første steg i arbeidet i dei kommunalt eigde områda Eikelandsosen og Langboden.
Kommunestyret skal ta stilling til ei høyringsuttale om prehospitale tenester, ein søknad om fritak frå politiske verv og ei sak om eigarskapskontroll av Bjørnafjorden utviklingsselskap AS.
Les meir om alle sakene på Møteplan - Bjørnafjorden kommune
Du kan følge behandlinga på https://bjornafjorden.kommunetv.no/