Bekymringsmeldingar til barnevernet i Bjørnafjorden kjem fram

Bjørnafjorden kommune er ikkje råka av Visma-feilen som gjer at varslingar til barnevernet kan ha forsvunne i mange norske kommunar. 

Fransisco Munoz / Os kommune

Nasjonale medium melder i dag, 5. juni, at feilen kan ha råka over 240 kommunar.

Testing gjennomført av Familiens hus i dag, viser at mottaket av bekymringsmeldingar i Bjørnafjorden ikkje er råka. Varsla kjem fram.

Årsaka til at Bjørnafjorden ikkje er berørt av feilen, er at Bjørnafjorden barnevernteneste hausten 2020 valde å ikkje inngå avtale om direkte integrering frå Nasjonal portal for bekymringsmelding (KS) til fagsystemet Familia.

Dette inneber at når vi mottar bekymringsmeldingar via Nasjonal portal (KS), mottar leiargruppa og merkantile ein e-post om at det er kome bekymringsmelding. For å hente ut aktuell bekymringsmelding må ein trykke på ein eigen lenke, logge inn med bank id, for å få tilgang til sjølve meldinga.

Meldinga må lastast ned og skrivast ut før ho blir skanna inn i fagsystemet. Barneverntenesta må gi KS ei stadfesting på at meldinga er motteken. Dersom det ikkje blir gjort innan 40 timar, blir meldinga sendt til barnevernet per post.
Derfor har ikkje bekymringsmeldingar sendt til barnevernet i Bjørnafjorden forsvunne.