
Bøker, teikneseriar, aviser, tidsskrift, PlayStation, publikums-pc, skrivar og frøbibliotek er på plass i Bjørnafjorden bibliotek sin nye heim i Fjord'n Nærsenter.
Velkommen innom!
Du er hjarteleg velkommen til å låne, lese, skrive ut eller spele allereie no, sjølv om den offisielle opninga først er laurdag 29. november. Stikk gjerne berre innom ein tur for å sjå korleis vi har fått det, og slå av ein prat.
Viss du ikkje når å levere lånte bøker i opningstida, kan du legge dei i innleveringskassen ved inngangen.