Bjørnafjorden kommune får 29,4 millionar kroner frå Havbruksfondet

Ordførar Trine Lindborg og kommunedirektør Christian Fredrik Fotland i Stortinget sin vandrehall under eit besøk tidlegare i år. Tema for besøket var kommuneøkonomi. Christian Fredrik Fotland

- Dette er fantastiske nyheiter for Bjørnafjorden kommune.
Truleg vil det "redde" rekneskapsresultatet for 2022. 29,4 millionar kroner er over 21,4 millionar kroner meir enn budsjettert. Eg er så glad for den nye tildelingsmodellen som slår så positivt ut for vår kommune, seier ordførar Trine Lindborg.

Kommunedirektør Christian Fotland varsla om betydeleg auke i skatteinngangen samanlikna med finansdepartementet sine prognosar tidlegare i år. Saman med auka skatteinngang og løyvinga frå Havbruksfondet, er det mykje som tyder på at 2022 blir eit godt år for kommuneøkonomien.

Om Havbruksfondet

Stortinget beslutta i 2015 å opprette eit havbruksfond. Fiskeridirektoratet har ansvar for utbetalingane. Havbruksfondet fordeler kommunal sektor sin del av inntektene frå vekst i oppdrettsnæringa og inntekter frå avgifta på produksjon av laks, aure og regnbogeaure.  Bjørnafjorden kommune sin del av Havbruksfondet er på 1,09 %.