Bli avdelingsvenn på Luranetunet

Ein avdelingsvenn er ein frivillig som bidrar med aktivitet og hygge på ei fast avdeling ved Luranetunet bu- og behandlingssenter. Du vel sjølv kva du vil bidra med og kor ofte du vil gjere det – det skal vere både kjekt og fleksibelt å vere avdelingsvenn.

Kva gjer ein avdelingsvenn? 

Ein avdelingsvenn kan til dømes:

  • Spele spel eller kort
  • Slå av ein prat 
  • Gå tur
  • Lese høgt frå aviser eller bøker
  • Lage vaflar og kaffi i daglegstova på avdelinga
  • …eller noko heilt anna

 

Du vel sjølv kva du har lyst til å gjere for og saman med bebuarane, i samarbeid med avdelinga du høyrer til. 
Du vel òg kor ofte du vil bidra. 

Målet er å lage gode øyeblikk og hyggelege innslag i kvardagen til alle som bur og arbeider på Luranetunet - og for deg som er avdelingsvenn. 
Du vil vanlegvis jobbe saman med andre avdelingsvenner. Det er både hyggeleg og sosialt, samstundes som det gir fleksibilitet når du er forhindra frå å delta.

Vi ønskjer oss avdelingsvenner i alle aldrar og kjønn. Det einaste kravet er at du har lyst og kapasitet til å dele tida di med andre.

Avdelingsvenn Eldbjørg Lyssand les for Eva og andre bebuarar som er glad i bøker.Else Austevoll (t.v.) og Elly Haugland lagar vaflar til bebuarane på Behandlingsavdelinga.Gro Hjelle tar med seg bebuarar ut på tur.