Rådet består av ungdommar frå forskjellige ungdoms- og vidaregåande skular, som møtest regelmessig for å diskutere saker som er viktige for ungdommar.
Medlemmane blir valde for to år, og får betalt for møteverksemda.
Slik går du fram
Du kan melde deg som kandidat når det er val ved din ungdomsskule eller vidaregåande skule. Det er elevrådet som avgjer kven som skal representere skulen din. Ungdomsrådet er òg ope for kandidatar som ikkje representerer ein skule. Då kan du ta kontakt direkte med ungdomsrådet for å melde deg som kandidat.
Kvifor bli med?
Ungdomsrådet gir deg ei unik moglegheit til å påverke og bidra. Det er gøy, lærerikt, sosialt og gir verdifull erfaring som du kan ha nytte av i framtida.
Les meir om ungdomsrådet og korleis du kan stille som kandidat