Bli med på "Heile Noreg bålar" i Mobergsviko!

Har du lyst til å vere meir i naturen saman med andre? Bli med på «Heile Noreg bålar» som markerer startskuddet for Friluftslivets år 2025!  

Friluftslivets år 2025

Dette er ein inkluderande møteplass med aktivitetar som passar for alle. Du treng inga erfaring med friluftsliv. Opplev kor hyggeleg det er å samlast rundt varmen frå eit bål! Bli kjent med andre i ditt nærmiljø og kva tilbod som finst for aktivitetar og naturopplevingar der du bur. Vi tenner opp bål og bålpanner, det blir smaksprøvar av mat på bål, og aktivitetar for barn.
Hugs å følge reglar og råd om bål, og etterlat naturen like fin som før.

Tid:  

Laurdag 18. januar klokka 11-14 

Stad

Mobergsviko
Kom gjerne gåande. Parkering: ved Oseana, ikkje parker på reserverte plassar!

For kven? 

Alle – passar barn, ungdom, vaksne og senior. Deltaking er gratis.  

Ta med

Varme klede og sko, sitjeunderlag, eigen kopp og ein kubbe ved om du har.
PS! Om du er skikkeleg svolten, må du ha med eiga niste😊

Arrangørar: 

Fleire organisasjonar i Os, m.a. Knutabruo 4H, 1. Os KFUK-KFUM-speidere, Os Rotaryklubb, Bergen og Omland Friluftsråd, Bjørnafjorden kommune v/BUA m. fl
Dei som vil, kan gå vidare saman med turleiar frå Os turlag til turlaget sitt arrangement med opning av Fantasiløypa på Liafjellet (startar kl. 12).