Bli med på kreativ sommarskule!
Er du mellom 10 og 15 år og interessert i musikk eller visuell kunst? Eller kjenner du kanskje nokon som er det? Festspillene i Bergen og BIT20 arrangerer kreativ sommarskule i Fana Kulturhus i sommar.
Har du ein kreativ 10-15-åring i hus? Tips han eller ho om den kreative sommarskulen.
Nechama Lock/Unsplash
I fem dagar får du eksperimentere og utfordre eigen kreativitet saman med andre barn og unge. Sommarskuleveka blir avslutta med framsyning for familie og venner i Fana Kulturhus.
- Tid: Veke 26 (23.-27. juni) eller 27 (30. juni-4. juli), kl. 10-15, alle dagar.
- Stad: Fana Kulturhus på Nesttun.
- Vel mellom tre grupper:
- Instrument og vokal
- Visuell kunst
- Musikkteknologi
Om sommarskulen
- Sommarskulen er for deg som er fødd mellom 2010 og 2015.
- Du må kunne delta alle dagane sommarskulen varer.
- Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i grupper.
Påmeldingsfrist: 1. juni 2025
Deltakaravgift: kr 459,-
Barn frå familiar med økonomiske utfordringar kan delta kostnadsfritt.
Les meir og gå til påmelding
Sist endra 21.05.2025 10:41