Bli med på litteraturfestival!

“Forteljingar blir til” er overskrifta på årets litteraturfestival på Bjørnafjorden bibliotek. Velkommen til foredrag, samtale eller skrivekurs 7.-9. november. 
Om du er så heldig at du er mellom 9 og 13 år, kan du melde deg på bokbindarkurs. 

Alle arrangementa er gratis. Velkommen til biblioteket! 

KI-generert illustrasjon

Om slekt og språk

Alle slekter har sine forteljingar. Kanskje vil du finne ut meir om di eiga slekt? Eli Dalland fortel korleis ho har jobba med slektsforsking, og kva kjelder som finst. 
Dei fleste forfattarar skriv berre på morsmålet sitt. For at forteljingane skal nå ut i verda, må dei byte språk. Korleis jobbar omsetjaren for at leseopplevinga di skal bli like god som om du hadde lese boka på originalspråket? Lene Stokseth har omsett meir enn 290 bøker frå spansk, dansk, svensk, og engelsk. Ho omset sakprosa og skjønnlitteratur, for både barn og vaksne. Møt Stokseth i samtale med biblioteksjef Kirstine Folmann.

Skriv di eiga forteljing

Er du glad i å skrive? Blir med på kreativ skriveverkstad med Solveig Johanne Grønstøl.

Laurdag er det barna sin festivaldag!
Les meir om programmet på Bjørnafjorden biblioteket si heimeside

Litteraturfestivalen 2024

“Forteljingar blir til” er overskrifta på årets litteraturfestival på Bjørnafjorden bibliotek. Festivalen går over tre dagar. 
Torsdag 7. november

  • Filial Eikelandsosen kl. 17:30 : “Slektas historie”- føredrag med Eli Dalland
  • Hovudbiblioteket kl. 19:00 : "Forteljingar blir til" - Samtale med Lene Stokseth

Fredag 8. november:

  • Hovudbiblioteket kl.16-18: Skriveverkstad med Solveig Johanne Grønstøl
    Les meir og meld deg på her. Gratis, passar for ungdom og vaksne 

Laurdag 9. november:
Hovudbiblioteket kl.10-14 Barnas festival!

  • KL 10-14 Open bok og teikneserieverkstad
  • KL 11-13 Bokbindarkurs (9-13 år) Les meir og meld på her 
  • KL 12 Høgtlesing ved barnebibliotekar Nicoline. (Frå 4 år)