Bli med på skrivekurs for ungdom!

UKM Bjørnafjorden inviterer 13-20-åringar til gratis skrivekurs med forfattar Tor Arve Røssland. Fredag 7. november på Os eller laudag 8. november i Eikelandsosen.  Bli med! 

André Soltvedt / Norsk forfattersentrum

Tor Arve Røssland debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut 25 bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.

Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.

Historiar frå andre verdskrigen

Tor Arve Røssland sine ungdomsbøker Glimt og Kodeord Overlord tar lesaren med tilbake til andre verdskrigen. Saman med Alt er lov legg desse bøkene grunnlaget for dette spennande skrivekurset. Kurset startar med ei innleiing av Tor Arve, nokre oppvarmingsoppgåver før pause, og så meir omfattande tekstar til slutt. 

Kurset opnar for spekulasjon rundt framtida, deltakarane må vurdere kva dei sjølve ville ha gjort i ein liknande situasjon. Dette kan vere både skremmande og spennande. Målet med kurset er å gjere ungdommane betre rusta til å bearbeide den overveldande mengda med informasjon ein får gjennom media angåande krig, konfliktar og politisk uro. Ved å trekke parallellar tilbake til andre verdskrigen vil det bli lettare å forstå og tolke det som skjer no. 

Meld deg på her 


Kursa blir arrangert  samarbeid med Unikultur og UKM Noreg