F.v.: Amna Saric, Amalie Nordhagen Jørgensen, Joonatan Jogiaas, Oliver Danielsen og Benjamin Martin Aase deltok på UKM workshop i 2024.
Midtsiden / Elin Johnsen
Kva kan du vise fram?
Alt mogleg (nesten)!
Song, dans, musikk, video, design, teikning, byggverk i Minecraft, ein tekst du har skrive, ein TikTok du har laga, eller noko anna - kulturomgrepet er stort og vidt! Du kan bidra på/rundt/bak scena, eller delta som konferansier eller arrangør.
Kva skjer?
Først går den lokale festivalen i UKM Bjørnafjorden av stabelen laurdag 15. februar (påmelding lengre nede på sida).
Eit fagpanel vel kva bidrag som går vidare frå lokalfestivalen til fylkesfestivalen i Åsane kulturhus 25.-27. april, og deretter frå fylkesfestivalen vidare til UKM-landsfestivalen i Trondheim 20.-24. juni 2025.
Sara Wergeland/UKM
Kven kan delta på UKM?
UKM er for aldersgruppa 13 til 20 år - frå og med det året du fyller 13 til og med det året du fyller 20.
Dersom de deltar som ei gruppe, er regelen at halvparten av medlemmane må vere innanfor aldersgrensa, men ingen under 13 år (året dei fyller 13 år) kan sendast vidare til fylkesfestivalen.
OBS! For konferansierar og arrangørar er aldersgrensa 15-20 år for fylkesfestivalen. Det vil seie at vi lokalt kan ha arrangørar som er yngre, men dei kan ikkje gå vidare til fylkes- eller landsfestivalen.
Denne gjengen frå Bjørnafjorden gjekk vidare til fylkesfinalen i 2024. Ungdommane deltok i kategoriane musikk, datakultur, kunst og ung arrangør.
Bjørnafjorden kommune
UKM-festivalen i Bjørnafjorden, laurdag 15. februar 2025
Stad: Os aktiv, kl. 15-19.
Meld deg på UKM-festivalen i Bjørnafjorden 2025