BUA pop-up i Eikelandsosen

Rune Carlsen

Har du lyst til å prøve skateboard, rulleskøyter, fiskestang, BMX-sykkel eller frisbeegolf i haustferien? Kom innom BUA pop-up i Kommunetunet og lån utstyr!   

Det er heilt gratis å låne utstyr i BUA. Før du kan låne, må du lage deg ein låneprofil. Er du under 18 år? Då kan ein vaksen stå som ansvarleg lånar, og legge deg til som medlånar. 

Les meir om BUA, lånevilkår og korleis opprette låneprofil.  

Opningstidene i BUA pop-up i Eikelandsosen er laurdag 8. oktober kl. 12-14, tysdag 11. oktober kl. 13-15 og torsdag 13. oktober kl. 15-19. Inngang gjennom biblioteket. Velkommen innom!