Bytt til ein fastlege med ledig kapasitetKunne du tenke deg ny fastlege? Står du kanskje på venteliste til ein lege som allereie har både mange pasientar og mange på venteliste? No er det fleire fastlegar med ledig plass på listene sine i Bjørnafjorden, og det er enkelt å bytte. Unsplash Nødvendig med betre fordeling av pasientar– For nokre år sidan var det stor mangel på fastlegar i Bjørnafjorden. No har vi full legedekning – og vel så det. Vi kan jo kalle det eit luksusproblem. Men for å behalde alle dei flinke legane i kommunen vår, treng vi ei betre fordeling av pasientar, seier leiar for legevakt og legetenester i Bjørnafjorden kommune, Beate Moberg. Slik bytter du fastlegePå helsenorge.no kan du sjå oversikt over alle fastlegar i Bjørnafjorden kommune, og bytte fastlege. Her kan du òg sjå kor mange pasientar kvar enkelt lege har, om dei har ledig kapasitet og om dei eventuelt har mange på venteliste.Du kan bytte fastlege maksimalt to gonger i året. Bytt fastlege– Dersom du ønskjer å bytte fastlege, er det lurt å gjere det no, seier einingsleiar for legevakt og legetenester, Beate Moberg.Kan bli ståande på ventelista– Vi ser at nokre etablerte fastlegar har svært mange pasientar på listene sine. I tillegg har dei gjerne lange ventelister. I praksis betyr dette at dei fleste på ventelista aldri vil hamne på den aktuelle legen si faktiske pasientliste, fortel Moberg.Kommunane har ansvar for at innbyggarane har tilgang til fastlege. Helfo administerer fastlegeordninga på vegner av kommunane. For å sjå oversikt over fastlegar i kommunen og bytte lege, må du gå inn på helsenorge.noAlle er dyktige og kompetente– Nokre av legane som har starta opp det siste året, har begynt med heilt tome lister. Det tar sjølvsagt tid å bygge opp ei pasientliste frå null, samanlikna med legar som tar over ein etablert praksis med eksisterande lister på 1000 pasientar eller meir. Dei er alle dyktige, kompetente legar, og vi er sjølvsagt svært interesserte i å behalde alle saman i kommunen vår. Då må vi få til ei jamnare fordeling av pasientar, for både legane og pasientane si skuld, seier Moberg.Bytt til ein ledig fastlege no!– Eg vil oppmode bjørnafjordingar som anten står på venteliste eller som kunne tenke seg å bytte lege, om å velje ein fastlege i Bjørnafjorden som har ledige plassar no. Då vil du mest sannsynleg komme til raskare, enn hos ein lege med fleire pasientar på lista, seier Moberg. Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal Sist endra 27.01.2025 09:45