Delte ut miljøfyrtårn til Os Hageservice

Trine Lindborg og Henriette Vestbø Færevaag  - Klikk for stort bileteOrdførar Trine Lindborg delar ut miljøfyrtårnplakett til Henriette Vestbø Færevaag i Os Hageservice. Elisabeth Vinje Nydal Onsdag delte ordførar Trine Lindborg ut det konkrete beviset på at Os Hageservice er miljøsertifisert og kan kalle seg miljøfyrtårn.

Henriette Vestbø Færevaag er kontoransvarleg og har jobba mest med å bli sertifiseringsprosessen.

- Vi vil vere med på det grøne skiftet, og miljøsertifisering er eit kvalitetsstempel og eit tydeleg teikn på at vi er med på det grøne skiftet. Mellom anna avfallshandtering, arbeidsmiljø og sjukefråvær er med i sertifiseringsprosessen, seier Vestbø Færevaag.

Os Hageservice har åtte tilsette inkludert lærling, og dei har 6-7 ekstra tilsette i sesong. dei jobbar med både private og offentlege prosjekt.

- Det var veldig kjekt å treffe ordføraren vår og få det synlege beviset på at Os Hageservice er miljøsertifisert, seier Vestbø Færevaag.