- Det handlar om å ha noko å gjere på
Livskvalitet - Vartun oppfølgingstjeneste er eit lågterskeltilbod til rusavhengige i Bjørnafjorden kommune. Målet er auka meistring og betre livskvalitet gjennom aktivitetar, trening og arbeid.
Tilbodet har vekt merksemd både lokalt og nasjonalt på grunn av gode resultat på det elles nokså ulendte rus-feltet.
- Det handlar om å ha noko å gjere på. Eg har gått frå å vere kjempehøgt oppe på "nåkke anna", til å vere kjempehøgt oppe på livet, seier Ole Jonny Johnsen, tidlegare Livskvalitet-deltakar, no rusfri og i vanleg arbeid som målar.
Lat deg imponere og inspirere av Ole Jonny og dei andre på Vartun og Os gatelag i denne vesle filmen. Heia!
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 20.05.2022 10:09