- Det handlar om å ta ansvar

Eit knippe av dei som har beredskapssenteret på Moberg som base, saman med ordførar Trine Lindborg, under overrekkinga av Miljøfyrtårn-plaketten. Ragnhild Stende Bjaadal Beredskapssenteret på Moberg har endeleg fått overrekt det synlege beviset på at dei er eit miljøfyrtårn.
- Dette er første steg på vegen mot å miljøsertifisere Bjørnafjorden kommune, som er eitt av måla i den nyleg vedtatte klima-, energi- og miljøplanen (KLEM-planen), sa ordførar Trine Lindborg ved overrekkinga.

Beredskapssenteret på Moberg husar Bjørnafjorden brann og redning, legevakt og ambulanseteneste. No er beredskapssenteret i tillegg eit miljøfyrtårn, etter å ha fullført og bestått sertifiseringsprosessen.

Walden tok initiativet

Frå venstre: leiar Førebyggande avdeling Espen Storum, brannsjef Eivind Hovden og varabrannsjef Erik Walden.Det var varabrannsjef Erik Walden som først tok initiativ til miljøsertifisering av beredskapsbygget - ein idé han hadde med seg frå si tidlegare stilling i miljøfyrtårnet Bergen brannvesen. Saman med leiar for Førebyggande avdeling, Espen Storum, har han drive arbeidet - sjølv om koronaen også her har skapt litt forseinkingar. Allereie i 2020 var sertifiseringa klar, men sjølve overrekkinga har latt vente på seg. 

Gode hjelparar

Oseana og Osbadet var dei to første kommunale miljøfyrtårna i Bjørnafjorden. Beredskapssenteret er svært takksame for rettleiing og tips frå Lasse Nordahl-Pedersen, teknisk leiar i Oseana. I tillegg har dei fått god hjelp og rettleiing frå Miljøfyrtårnet sentralt.

Les meir om Miljøfyrtårn

Mykje å hente på avfall

- Det handlar om å tenke miljø i alt vi gjer. Frå energiforbruk, drivstoff og avfall til kjemikaliar og avløpsvatn i vaskehallen. Bygget vårt er moderne og ganske energieffektivt. Og el-brannbilar finst dessverre ikkje enno. Men vi genererer masse avfall! Ved å sortere betre, slik at det blir mindre restavfall, sparar vi òg pengar på renovasjon, fortel Storum.

Miljøfyrtårn og Michelin

Miljøfyrtårn-statusen er ikkje gitt ein gong for alle. Med jamne mellomrom vil verksemdene bli inspiserte og vurderte for resertifisering - omtrent som med Michelin-stjerner for restaurantar. Brannsjef Hovden lovar at dei ikkje kjem til å kvile på laurbæra, men jobbe aktivt med prosedyrar og rutinar for å behalde statusen. 
- Det er naturleg at òg den nye brannstasjonen i Eikelandsosen blir miljøsertifisert etter kvart, seier brannsjefen.

Energieffektiv marsipankake.

Begynne i det små

- Fantastisk godt jobba! skrytte ordførar Trine Lindborg då ho overrekte plaketten.
- Dette er starten på arbeidet med å miljøsertifisere alle delar av kommunen, som er eitt av måla i KLEM-planen. Det skal vi få til, om vi begynner i det små, lova ordføraren.

Sjå også:

Kommunedelplan for klima, energi og miljø for Bjørnafjorden kommune 2021-2033 (KLEM-planen)
Del 1
Del 2