- Eg syntest det var vanskeleg å leve

Bjarte Samnøy er kjend for mange etter ei årrekke som lokalpolitikar for KrF, både i Fusa og Bjørnafjorden.

- Eg kjende meg null verd, seier Bjarte Samnøy. Etter at han fekk livet snudd på hovudet av ei alvorleg motorsykkelulukke, blei kvardagen tung og tankane om framtida mørke.

Då bad Bjarte om hjelp til å få det betre - og det fekk han.

Sjå intervjuet med Bjarte og Ying, som begge har fått hjelp gjennom det nye behandlingstilbodet Rask psykisk helsehjelp (RPH) i den nye utgåva av Info-TV.

- Alt eg hadde bygd verdiane mine på - det å kunne gjere og vere noko for andre - blei brått rasert. Etter omfattande og langvarig behandling på Haukeland var motivasjonen min brukt opp. Det begynte for alvor å røyne på. Eg syntest rett og slett det var vanskeleg å leve. Eg måtte be om hjelp, seier Bjarte.

Rask psykisk helsehjelp

Etter oppmoding frå det medisinske personellet på Haukeland, tok Bjarte kontakt med Rask psykisk helsehjelp (RPH) i Bjørnafjorden kommune - eit nytt behandlingstilbod for personar som har angstliding, mild eller moderat depresjon, søvnvanskar (insomni) eller begynnande rusproblem.
Behandlinga kan vere individuelle kurs, individuelle samtalar eller rettleia sjølvhjelp - eit digitalt behandlingsprogram der du arbeider heime, samtidig som du jamleg får rettleiing frå ein terapeut.

- Utruleg nyttig

Bjarte fortel at han har hatt svært god nytte av rettleia sjølvhjelp.
- Det er eit utruleg godt hjelpemiddel. Det er så godt å ha noko konkret å jobbe med. Når ein sit fast i mørke tankar, er det veldig lett å trekke negative konklusjonar. Når eg kjenner at uvêrsskyene samlar seg no, kan eg gå inn igjen i programmet og bli minna på kva eg har jobba med. Det er veldig nyttig for meg - og det trur eg det vil vere for veldig mange andre òg, fortel han.

Sortere vonde tankar

Ying Hu Henskens møtte veggen og blei sjukmeld då mannen hennar fekk ein alvorleg sjukdom i fjor haust. Fastlegen tipsa henne om Rask psykisk helsehjelp. Ho kom raskt til behandling hos kognitiv terapeut og RPH-ansvarleg Maren Millen Assev i Bjørnafjorden kommune. Her lærte Ying teknikkar for å sortere vonde tankar og dempe uro, som gjorde henne betre i stand til å handtere dei vonde kjenslene og tankane. Etter få månader var Ying tilbake i jobb.

Ying har fått nyttige verktøy til å handtere bekymring når det stormar.

- Verktøya eg har fått hjelper meg å sortere tankane mine i kvardagen, slik at eg greier å snu dei negative tankane, seier Ying.

Sjå heile aprilutgåva av Info-TV frå Bjørnafjorden kommune