Eigenberedskapsveka 2022: Råd om «nettvett» og IT-sikkerheit

Espen H. Haga ved kontorpulten sin. - Klikk for stort bileteIT-sjef Espen H. Haga i Bjørnafjorden kommune anbefaler totrinnspålogging for best mogleg sikkerheit. Ella Marie B. Vangsnes

Vi lever i ein digital tidsalder. Det er ei god hjelp for dei fleste av oss, og gjer mange ting enklare i kvardagen. Men det byr òg på nye utfordringar og gjer oss meir sårbare. IT-sjef i Bjørnafjorden kommune Espen H. Haga gir deg gode råd – og ein quiz.

Sikker pålogging og trygge passord

Mange av oss slit med å laga gode nok passord, og å hugsa dei. Derfor endar vi ofte med å bruka same passord til mange tenester, eller laga passord som er lette å hugsa, men dessverre også lette å knekka for andre.

Det viktigaste du kan gjera for å sikra at ikkje uvedkommande får tilgang til brukarkontoane dine, er å aktivera totrinnsbekreftelse eller installera totrinnspålogging/autentisering, seier IT-sjefen. Dette gjer kontoane dine 90 % sikrare, understrekar han. Nettvett.no har ei god rettleiing til korleis du gjer dette

Der du framleis må bruka passord, gir Espen H. Haga deg desse råda:

  • Bruk ulike, unike passord på ulike tenester og system
  • Lag passord i form av ei setning – dei er ikkje så lette å knekka
  • Ikkje bruk namn på noko eller nokon som kan knytast til deg, som f.eks. barn, dyr, adresser, feriestad
  • Bruk heller ikkje kjende songtitlar eller namn på «kjendisar»
  • Ikkje be programvara om å hugsa passordet ditt – skriv det heller ned og ta vare på passorda dine på ein lur plass

Du finn meir informasjon om sikker pålogging på sidene til nettvett.no 

«E-post-vett»

Ver veldig varsam med lenker i e-postar, oppfordrar IT-sjef Haga. Det aller viktigaste å hugsa på her, er å ikkje klikka på lenker i e-post med mindre du ventar på ein slik e-post, og den kjem frå ein kjend avsendar.

Prøv å slå hackeren! 

IT-sjefen oppfordrar deg til slutt til å bli med på ein quiz, der du kan testa korleis det står til med sikkerheitskunnskapen din. Du blir utfordra av ein hacker – og målet er å slå hackeren ved å svara på nokre spørsmål. Det tar ca. 10 minutt. Det er Telenor som har laga denne quizen, og den er heilt anonym. Quizen er både morosam og lærerik, lovar Espen H. Haga. Prøv deg då vel!

Quiz: Kan du slå hackeren?