Fyll kanner med vatn frå springen til beredskapslager i heimen.
Daniel Fatnes
Slik lagrar du vatn
Myndigheitene anbefaler oss å ha 20 liter vatn på lager per person for å dekka minimumsbehovet for ei veke – dersom noko skulle skje med vatnet i springen. Du kan eventuelt dekka noko av væskebehovet ditt med juice, brus eller andre alkoholfrie drikker.
Du kan kjøpa vatn på flasker eller dunkar frå butikken. Eller du kan fylla flasker eller kanner med vatn frå springen. Reint vatn på reine behaldarar kan lagrast i årevis utan at det blir farleg å drikka.
DSB anbefaler alle å ha vatn på lager heime, i tilfelle det skulle skje noko med vatnet i springen.
Ivar Kvaal/DSB
Slik gjer du:
- Reingjer flaskene eller dunkane med såpe og vatn og skyl godt. Fyll på vatn og tilset to korkar klorin per 10 liter vatn. Lat det stå i minst 30 minutt. Tøm ut og skyl godt.
- Fyll flaskene eller dunkane heilt fulle med kaldt vatn frå springen.
- Lagra vatnet på ein mørk og kjøleg plass, der det ikkje blir utsett for direkte sollys – som skåp, kjellar, bod, garasje eller uthus.
Hygiene utan vatn
Personleg hygiene kan fort bli ei utfordring utan vatn. Det kan gi grobotn for smitte og sjukdommar. Derfor er det viktig å ha ein plan for korleis du skal handtera hygiene utan vatn, spesielt med tanke på mat og matlaging.
Våtserviettar, handsprit og eingongshanskar står på lista over det Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap anbefaler oss å ha heime. I tillegg bør du planleggja alternativ dersom vassklosettet ikkje kan brukast. Sjå tips på sikkerhverdag.no.
Prøv deg på ei enkel øving!
Trygg og god vassforsyning til vanleg
I ein normalsituasjon har vi trygg vassforsyning i Bjørnafjorden kommune og god leveringssikkerheit – men vi er avhengige av straum til drifta.
Kommunen varslar sine vassabonnentar via sms dersom det skjer noko som gjer at vatnet blir borte, eller dersom det er behov for å koka det, i ein periode.
Viss du får vatnet ditt frå eit privat vassverk, er det dei som varslar deg.
Meir informasjon