Eigenberedskapsveka 2024: Er du førebudd?

Vi er heilt avhengige av m.a. straum, vatn i springen, mobil og internett til dagleg. Er du førebudd på å greia deg utan i ei veke? Ordførar Terje Søviknes oppfordrar innbyggarane til å tenka gjennom korleis det står til med eigenberedskapen.

Ordførar Søviknes med beredskapskasse - Klikk for stort bileteDen kalde årstida står for døra, og ordførar Terje Søviknes oppfordrar innbyggarane i Bjørnafjorden til å førebu seg på situasjonar utan straum, vatn og mobildekning. Lag ditt eige beredskapslager med dei viktigaste tinga du treng! E. M. B. Vangsnes

Denne veka markerer vi den nasjonale «Eigenberedskapsveka 2024».

«Vi har det trygt og stabilt her i landet, og er vane med at ting fungerer,» understrekar ordførar Terje Søviknes, og legg til: «Verda vi lever i, blir stadig meir uroleg, med m.a. klimaendringar, digitale truslar og krig. Vi må vera førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramma også oss i Bjørnafjorden kommune».  

Ver førebudd for ei veke

Dersom du blir ramma av ei hending som kuttar straumen eller vatnet til bustaden din, eller slår ut mobil og internett, må du vera førebudd på å greia deg med det du har. Norske myndigheiter anbefaler oss no å vera førebudde på å klara oss sjølve i éi veke. 

«Med litt førebuing, blir dei fleste av oss betre i stand til å handtera alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser,» understrekar ordføraren. «Nødetatane og kommunen kan konsentrera seg om å hjelpa dei som treng det mest. Og vi får alle betre tid på oss til å planlegga vegen vidare, dersom krisa skulle bli langvarig».  

Ny brosjyre med nye råd kjem i posten

Mat, drikkevatn, lys, teppe, dopapir, førstehjelpsutstyr og andre ting du bør ha i eit beredskapslager - Klikk for stort bileteDette kan det vera lurt å ha i heimen for å greia seg i ei veke. Kva har du? Ivar Kvaal/DSB

Kva treng du og husstanden din for å dekka grunnleggande behov som mat, varme, drikke, hygiene, legemiddel og tilgang på informasjon? Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har laga ein ny brosjyre med dei viktigaste eigenberedskapsråda. Denne veka skal alle husstandar i landet få den i postkassa. 

«Les brosjyren og ta vare på den,» oppfordrar Søviknes. «Brosjyren inneheld mellom anna ei sjekkliste med eksempel på ting det er lurt å ha heime for å greia seg i ei veke. Det er ikkje så mykje som skal til. Sannsynlegvis har du alt ein heil del av dette utan at du har tenkt på det som eigenberedskap». 

Hugs: Det er betre å vera litt førebudd enn å ikkje vera førebudd i det heile tatt!  

  • Tenk gjennom kva du har, og kva du treng der du bur. 
  • Hugs at familie, vener og naboar kan samarbeida om eigenberedskap. 
  • Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom. 

Les meir:

På sikkerhverdag.no finn du fleire gode råd om eigenberedskap

Sjå video: