Eigenberedskapsveka 2025: Kven kan du hjelpe og kven kan hjelpe deg?

Samarbeid og fellesskap er ekstra viktig i kriser. Har du tenkt over kven som kan vere din beredskapsvenn om noko skulle skje? Kven kan du dele mat, utstyr og kunnskap med?

Kor godt førebudd er du på langvarig straumbrot? Glenn Rokeberg/DSB

Bli betre rusta

Eigenberedskapsveka blir i år arrangert i veke 44, og er ein årleg befolkningskampanje som set fokus på eigenberedskap. Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap (DSB) står bak kampanjen, medan kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak. 
Målet med Eigenberedskapsveka er å auke bevisstheita og kunnskapen om eigenberedskap, slik at fleire førebur seg på å kunne klare seg sjølve i éi veke. Det vil gjere både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som skulle oppstå, til dømes langvarige straumbrot.

Les meir og få fleire råd på www.dsb.no/egenberedskap

DSB

Finn din beredskapsvenn

I år er temaet Finn din beredskapsvenn, og kampanjen er særskilt retta mot aldersgruppa 18-30 år. 
Undersøkingar viser nemleg at unge vaksne gjerne er dei som er minst førebudde på ein krisesituasjon. 
Men kva gjer du på ein liten hybel langt frå mor og far, om straumen går, mobilnettet er nede, butikkane er stengde og du verken har vedomn, vatn eller særleg med mat på lager? Då er det viktig å ha beredskapsvenner.

Alle treng ikkje ha alt

Beredskapsvenner kan samarbeide og dele på utstyr, mat og praktiske oppgåver, i tillegg til å gi kvarandre omsorg og støtte. Myndigheitene anbefaler at vi bør ha det vi treng for å klare oss utan hjelp i ei veke. 
Samstundes treng ikkje alle ha alt. Det er jo heller ikkje slik at alle har store boder og uendeleg med lagringsplass. Kanskje naboen har primus? Og du har tørrvarer?
Gå saman med naboen, ein venn, familien eller med dei andre i burettslaget, og planlegg korleis de saman kan vere betre førebudde på ei eventuell krise. Ver ein del av Noregs beredskap. Saman står vi sterkare. 

Last ned invitasjon: Vil du bli min beredskapsvenn? (PDF, 2 MB)

Dette kan beredskapsvenner hjelpe kvarandre med:

    • Førstehjelp ved skadar
    • Omsorg og støtte
    • Overnatting ved evakuering
    • Å forklare og omsetje informasjon frå myndigheitene
    • Praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
    • Innkjøp, bering og transport
    • Bytte lån av utstyr og varer
    • Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn din
    • Lage mat saman

Sjekkliste for eigenberedskap: Alle treng ikkje ha alt. Gå saman med beredskapsvenner!

    • Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. DSB anbefaler 20 liter per person for ei veke.
    • Mat som toler lagring i romtemperatur.
    • Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.
    • Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
    • Fyrstikker og stearinlys.
    • Ved, viss du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn for innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.
    • Avtale om overnatting viss du ikkje har alternativ varmekjelde ved straumbrot.
    • Lommelykt eller hovudlykt som går på batterier, sveiv eller solceller.  
    • DAB-radio som går på batterier, sveiv eller solceller.
    • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
    • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
    • Våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og bind/tampongar.
    • Batteri og ladd batteribank.
    • Litt kontantar og fleire betalingskort. 
    • Mat og vatn til kjæledyr. 
    • Liste på papir med viktige telefonnummer, som for eksempel nødnummer, legevakt, veterinær, familie, venner og naboar.

    Last ned og skriv ut sjekklista (PDF, 507 kB)

Kvifor så mykje snakk om eigenberedskap?

  • Det er fleire ting som gjer at myndigheitene kjem med råd om eigenberedskap no:

    • Meir ekstremvêr, som kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som for eksempel straum, vatn og mobilnett.
    • Den sikkerhetspolitiske situasjonen: Endringar dei siste åra har ført til at Noreg no moderniserer totalforsvaret. Aukt beredskap i befolkninga – altså korleis kvar enkelt tar vare på seg og sine viss noko uføresett skulle skje – er ein naturleg del av arbeidet med eit moderne totalforsvar.
    • I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det i seg sjølv er faktisk ei sårbarheit, og eit argument for kvifor vi alle bør tenke over korleis vi kan førebu oss best mogleg viss noko skulle skje.

    Les meir og få fleire råd på www.dsb.no/egenberedskap