Eigenberedskapsveka: Har du vatn på lager?

Agnete Haugland med drikkevasspose. - Klikk for stort bileteLeiar for Samferdsel, vatn og avløp i Bjørnafjorden kommune Agnete Haugland anbefaler alle å ha vatn på lager heime. Marita Strønen

Kan du greia deg i tre døgn med det du har heime dersom ei krise rammar? Vatn er noko av det vi er mest avhengige av i kvardagen. Derfor er det viktig å ha nokre flasker eller kanner med vatn i heimen. Her får du råd om kva du bør gjera.

Trygg og god vassforsyning til vanleg

Vi har trygg vassforsyning i Bjørnafjorden kommune og god leveringssikkerheit – men vi er avhengige av straum, seier leiar for Samferdsel, vatn og avløp i Bjørnafjorden kommune Agnete Haugland. Kommunen varslar sine vassabonnentar via sms dersom det skjer noko som gjer at vatnet blir borte, eller dersom det er behov for å koka det, i ein periode. Viss du får vatnet ditt frå eit privat vassverk, er det dei som varslar deg.

Slik lagrar du vatn

Vi reknar at det trengst tre liter reint vatn per person til drikke og matlaging i døgnet – det vil seia ni liter, dersom du skal greia deg i tre døgn, fortel Agnete Haugland. Du kan bruka flasker eller kanner du har heime. Reingjer dei og fyll dei heilt fulle med kaldt, rennande vatn frå springen. Sett på lokket.

Haugland anbefaler å lagra vatnet på ein kald, mørk og frostfri plass, som kjellar, bod, garasje eller uthus.

Du kan òg kjøpa vatn på flasker eller dunkar frå butikken. Og du kan eventuelt dekka noko av væskebehovet ditt med juice, brus eller andre alkoholfrie drikker.

Hygiene utan vatn

Utan varmt vatn, og i verste fall heilt utan vatn, kan personleg hygiene fort bli ei utfordring. Og det kan gi grobotn for smitte og sjukdommar. Derfor er det viktig å ha ein plan for korleis du skal handtera hygiene utan vatn, spesielt med tanke på mat og matlaging.

Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel står på lista over det Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap anbefaler oss å ha heime. I tillegg bør du planlegga alternativ dersom vassklosettet ikkje kan brukast.

Meir informasjon