Eigenberedskapsveka: Har du vatn på lager?

Vatn er noko av det vi er mest avhengige av i kvardagen. Kva gjer du dersom vassforsyninga er ute av drift nokre dagar der du bur? Prøv deg på Øving 3 i Eigenberedskapsveka 2023! Du får gode råd og tips undervegs i øvinga.

DSB

Kva om det ikkje er vatn i spring, dusj og toalett?

Tenk deg at vatnet blir borte nokre dagar. Har du det du treng for å greia deg?

Vi reknar at det trengst tre liter reint vatn per person til drikke og matlaging i døgnet – det vil seia ni liter, dersom du skal greia deg i tre døgn. Du kan lagra vatn på flasker eller kanner du har heime. Reingjer dei og fyll dei heilt fulle med kaldt, rennande vatn frå springen. Du bør lagra dei på ein kald, mørk og frostfri plass, som kjellar, bod, garasje eller uthus.

Du kan òg kjøpa vatn på butikken og ha på lager heime.
Utan varmt vatn, og i verste fall heilt utan vatn, kan personleg hygiene fort bli ei utfordring. Tenk over korleis du skal handtera hygiene utan vatn!

Gjennomfør ei lita øving her! 

Meir informasjon

Korleis lagre vatn på riktig måte?  
Sjå hygienetips på sikkerhverdag.no