Eigenberedskapsveka: Råd om bruk av jodtablettar

Bilde av kommuneoverlege Klaus Melf. - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Klaus Melf understrekar at jodtablettar berre skal takast dersom myndigheitene anbefaler det. EMB. Vangsnes

Det er ikkje aktuelt med jodtablettar i samband med krigen i Ukraina og eit eventuelt utslepp frå atomkraftverka der, understrekar kommuneoverlege Klaus Melf. Vi anbefaler likevel at barnefamiliar har det heime i tilfelle det skulle oppstå ei uønskt hending nær oss.

Jodtablettar og Ukraina

Jodtablettar hjelper berre mot radioaktivt jod – ikkje andre radioaktive stoff. Ukraina er langt vekke. Sjølv om vinden bles mot Noreg, vil det ta lang tid før eit eventuelt utslepp når oss, og det vil bli kraftig fortynna på vegen. Konsentrasjonen av radioaktivt jod som eventuelt når oss, vil derfor bli låg, forklarer kommuneoverlegen.  Det er derfor ikkje aktuelt å ta jodtablettar hos oss pga. ei hending i Ukraina.

Det som kan skje, er at norske næringsmiddel kan bli forureina, på same måte som etter ulukka i Tsjernobyl i 1986. Det kan derfor bli aktuelt med tiltak innan matproduksjon og utmarksbruk for å redusera konsekvensane av eit radioaktivt nedfall.

Du kan lesa meir om slike tiltak på Mattilsynet sine nettsider 

Ei hending nær oss

Reaktordrivne fartøy legg til kai ved Haakonsvern orlogsstasjon (HOS) i Bergen. På veg til og frå HOS passerer dei gjennom våre farvatn. Dersom det skulle skje eit uhell eller ulukke på HOS eller på veg til/frå, kan det bli eit radioaktivt utslepp som rammar Bjørnafjorden kommune. Då kan det koma råd om å ta jodtablettar, understrekar kommuneoverlegen.

Kven skal ta jodtablettar og kvifor?

Radioaktivt jod kan føra til auka fare for å utvikla kreft i skjoldbruskkjertelen. Barn og unge under 18 år, gravide og ammande har høg aktivitet i skjoldbruskkjertelen, og har derfor størst risiko for å få kreft der, forklarer Klaus Melf. Det er derfor dei som blir anbefalt å ta jodtablettar, når det er fare for at dei kan bli utsett for radioaktivt jod.

Folk over 40 år har svært liten risiko for opptak av radioaktivt jod. Jodtablettar gir derfor ingen reduksjon i risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen for dei over 40. I heilt spesielle situasjonar, ved eit stort utslepp frå ei kjelde i Noreg, med høg eksponering for radioaktivt jod, kan det vera aktuelt med jodtablettar til vaksne i alderen 18-40 år. Dette kjem myndigheitene i så fall til å gi råd om.

Kor raskt må ein ta jodtablettar?

Jodtablettar blokkerer opptak av radioaktiv jod i skjoldbruskkjertelen, og har verknad innan to timar.

Å gi jodtablettar er eit hastetiltak som vi har avgrensa tid på å setta i verk, understrekar kommuneoverlegen og utdjupar: Ved å ta jodtablettar rett etter eksponering av radioaktivt jod, kan ein oppnå eit opptaksvern på 95-98 %. Jodtablettar tatt 24 timar før eksponering gir ca. 70 % opptaksvern, medan jodtablettar 24 timar etter eksponering ikkje gir vern i det heile. Det er derfor barnefamiliar, gravide og ammande blir anbefalt å kjøpa jodtablettar på apotek og oppbevara dei i heimen.

Utdeling av jodtablettar i Bjørnafjorden

Bjørnafjorden kommune oppbevarer jodtablettar i barnehagar, på skular, helsestasjonar og legevaktstasjonar, for å kunna dela dei ut til målgruppa raskt. Dersom det skjer ei atomhending på dagtid (i barnehage-/skuletid), der det blir gitt råd om bruk av jodtablettar, kjem kommunal kriseleiing til å be barnehagar og skular om å dela ut jodtablettar til barn og unge.

I ein slik situasjon vil alle barn få jodtablettar, med mindre foreldra har reservert seg mot det, seier Klaus Melf. Han understrekar at det ikkje er nokon akutt fare om ein ikkje tar jodtablettar – dei er for å førebygga eventuelle seinverknader. Inntak av jodtablettar er derfor frivillig.

Spørsmål og svar om radioaktive utslepp og jod

Kva er eit radioaktivt utslepp til luft?
Kor farleg er det?
Kven gir innbyggarane råd?
Dersom vi ikkje har jodtablettar heime, og det blir gitt råd om å ta, men det samtidig er gitt råd om å halda seg innandørs – kva skal vi prioritera? Halda oss inne eller dra ut og skaffa jodtablettar?

Du finn fleire spørsmål og svar om jodtablettar på DSA sine nettsider