Emil (9) frå Søre Øyane barneskule vann nasjonal manuskonkurranse

Emil Strønen på Søre Øyane barneskule vannTid for lesing SFO sin nasjonale vinterkonkurranse. Forteljinga hans blei til og med teiknefilm!

Emil les forteljinga si for eit spent publikum på premieren på teiknefilmen. Popkorn og sjampanje blei òg servert. Søre Øyane SFO

Emil og dei andre barna på SFO fekk følgjande utfordring: “Langt inne i skogen er det eit bjørnehi. Der ligg ein heil bjørnefamilie og søv. Dei skal sove heilt til det er vår. Den minste bjørnen vaknar plutseleg. Men nå er det jo vinter, og han skal jo eigentleg sove! Fortel kva bjørnen gjer når han vaknar.”

Her kan du sjå kva Emil dikta vidare:

Sjå “Lille Teddy Bjørn blir profesjonell fotballspiller”

Bjørnafjorden kommune gratulerer så mykje til Emil! 
Vi heiar på alle dei flinke og fantasirike ungane og vaksne på Søre Øyane barneskule og SFO. Godt jobba!

Her kan du lese meir om Emil og korleis dei jobbar med Tid for lesing på Søre Øyane SFO

 

Om Tid for lesing