Endringar i drifta ved Fusa bu- og behandlingssenter

Vanskar med å rekruttere personell, kombinert med høgt sjukefråvær over tid, har ført til store driftsutfordringar ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS).

Mange tilsette ved FBBS har jobba mykje ekstra over tid. For å sikre fagleg forsvarlege tenester, har vi i tillegg vore avhengige av innleige frå bemanningsbyrå. 
Tilsette og leiarar på FBBS har meldt om avvik på bemanning. Situasjonen er no slik at det ikkje er forsvarleg å drive på same nivå.

Bjørnafjorden kommune har iverksett mellombelse strakstiltak for å sikre fagleg forsvarleg drift dei neste vekene og inn mot sommaren. Målet er å stabilisere drifta ved FBBS.

Desse tiltaka er iverksett:

  • Inntaksstopp ved FBBS inntil vidare.
  • Redusert drift. Øyeblikkeleg hjelp-døgntilbod (ØHD) ved FBBS er stengt inntil vidare.  ØHD-tilbodet ved Luranetunet vil framleis vere operativt.
  • Den totale drifta blir i tillegg tatt ned med seks plassar/senger. Dette skjer samarbeid med avdeling for forvaltning og koordinering og Luranetunet bu- og behandlingssenter.
  • To pasientar er overført til Luranetunet, eit rulleringsopphald og to korttidsopphald er avslutta. Dette har skjedd i tett dialog med dei aktuelle pasientane og deira pårørande. 
  • Innleige av personell frå bemanningsbyrå for å sikre kompetanse gjennom sommaren
  • Bruk av tilsette på tvers av avdelingane, med mål om å sikre rett kompetanse på rett plass til rett tid.


I tillegg jobbar eininga kontinuerleg med tiltak for å få ned sjukefråværet og sikre rekruttering med mål om på sikt å kunne avvikle innleige frå bemanningsbyrå.  

Fusa bu- og behandlingssenter har hatt møte med alle leiarane og arbeidsmiljøgruppa. Alle tilsette har fått informasjon. Helse Bergen er informert om kapasitetsutfordringane.