Er du ein vaksen som bryr deg? Bli frivillig ved Ung Arena Bjørnafjorden

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Ung Arena Bjørnafjorden er ein sosial møteplass og eit samtaletilbod for ungdom mellom 13 og 20 år i Bjørnafjorden kommune. Vi held til i Os Aktiv-bygget, rett ved Os ungdomsskule.

Ung Arena skal vere press-, stress- og rusfritt - ein god og trygg stad å vere.
For å lage denne gode møteplassen treng vi frivillige som har eit ekte engasjement for ungdommen.
Vi treng deg som er ein god og trygg rollemodell, som kan ta initiativ, lytte, inkludere og som er interessert i å vere saman med unge menneske.

Er du ein vaksen med hjarte for unge, og som ønskjer å gjere ein forskjell i lokalsamfunnet ditt? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Ung Arena søkjer frivillige til onsdagar, kl. 14.30-18

  • På onsdagar har vi ope for elevar i ungdomsskulealder.
  • Du kan vere med heile eller delar av opningstida - det som passar for deg.
  • Du vil få opplæring og rettleiing undervegs. I tillegg vil du få ei meiningsfylt fritid saman med fine ungdommar og andre engasjerte vaksne.

Frivillige ved Ung Arena må vere over 18 år og kunne levere godkjent politiattest.

Er du interessert? Då håpar vi å høyre frå deg!

Ta kontakt med:

Maria Eikeland
Tlf. 99081841
E-post: 
mareik@bjornafjorden.kommune.no

eller

Anne Hodneland Sundfjord
Tlf. 99591842

E-post: ahu@bjornafjorden.kommune.no