Er du glad i tur- og friluftsliv?

BUA

På utlånssentralen BUA kan alle som vil låne sports- og turutstyr - heilt gratis.
Utvalet er enormt, berre ta ein kikk.

BUA er avhengig av frivillige for å drive godt og nå fleire. Jo fleire frivillige, jo oftare og lengre kan BUA halde ope.
Har du tid til overs og lyst til å bidra for barn og unge i Bjørnafjorden?

BUA står for Barn - Unge - Aktivitet. Formålet med BUA er å få fleire barn og unge ut i allsidig aktivitet, uavhengig av økonomi og kulturell bakgrunn. 
BUA er som eit utstyrsbibliotek, kor bøkene er bytta ut med sports- og fritidsutstyr. Alle kan låne, men tilbodet er først og fremst retta mot barn og unge. Alt du treng å gjere, er å opprette ein låneprofil.

I Bjørnafjorden kommune har vi to BUA: BUA Os ligg i Os næringspark, i same bygg som hovudbiblioteket, og er ope tysdag og torsdag kl. 17-19.
BUA Eikelandsosen er under etablering, og held til i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Kva gjer du som BUA-frivillig?

  • Tar imot folk som kjem for å låne utstyr
  • Finn rett storleik og modell, gir råd om utstyr til ulike aktivitetar
  • Ryddar på plass utstyret som er levert inn
  • Registrerer utlån og innleveringar i utlånssystemet
  • Enkle reparasjonar og vedlikehald av utstyr

Å vere frivillig i BUA er sosialt og givande for deg sjølv, samstundes som du er med på å gi barn og unge eit viktig og godt tilbod.

Kva skal til for å vere BUA-frivillig?

Alle kan vere frivillige, og det er ikkje krav om spesielle forkunnskapar eller kompetanse - men om du er glad i å gå på ski, stå på skøyter, gå i fjellet, fiske eller har erfaring med andre aktivitetar kan dette komme til god nytte. 

Kor ofte må du bidra i BUA?

Du kan sjølv velje kva du ønskjer å bidra med og kor ofte du vil bidra. Alle monnar drar - vi finn ei god løysing saman.

Meld di interesse og kryss av for BUA i dette skjemaet:

Ja, eg vil bidra i BUA

Vi gler oss til å få deg med på laget!

Kontakt

BUA Bjørnafjorden
Telefon: 48168677