Er du i målgruppa for vaksine mot influensa, korona eller pneumokokksjukdom? No kan du bestille vaksine

Vaksine mot influensa, korona og pneumokokksjukdom er eit tilbod i vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP)
Haustens vaksinasjonsprogram startar opp i Bjørnafjorden kommune 15. oktober 2025.

Bestill vaksine hos fastlegen din eller på eitt av dei tre apoteka som samarbeider med kommunen om vaksinasjon.

Les meir om vaksinane og korleis du går fram for å bestille

Kva er vaksenvaksinasjonsprogrammet?

Tilhøyrer du utvalde aldersgrupper, vil du få påminning om aktuelle vaksinar på Helsenorge. Copilot/KI

Vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP) er eit tilbod til vaksne og barn som på grunn av alder eller helsetilstand har auka risiko for å bli alvorleg sjuke viss dei får influensa, korona eller pneumokokksjukdom
Kommunane har ansvar for å tilby målgruppa vaksine mot desse sjukdomane.

  • Korona- og influensavaksine er eit tilbod i vaksenvaksinasjonsprogrammet til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til vaksne og barn i risikogrupper. 
    • Folkehelseinstituttet si oppdaterte anbefaling er at dei som er 75 år og eldre bør ta koronavaksine, men alle mellom 65-74 år kan få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet om dei ønskjer det.
  • Pneumokokkvaksine er eit tibod i vaksenvaksinasjonsprogrammet det året du fyller 65 år. Det første årskullet som får tilbodet, er dei som er fødde i 1960. Dersom du ikkje nyttar deg av tilbodet det året du fyller 65 år, beheld du retten til å få vaksinen seinare.

Målet med vaksinasjon er å førebygge sjukdom og dødsfall.

Opne oversikta i pdf (PDF, 84 kB)

Påminning om vaksinasjon

Det er eit mål at flest mogleg veit om tilbodet om vaksinar i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Helsemyndigheitene sender derfor påminning til uvaksinerte i dei aktuelle aldersgruppene. Varselet kjem på Helsenorge og du må logge deg inn for å lese varselet. 

Hausten 2025 vil desse tre gruppene få påminning om vaksinasjon:

  • Koronavaksine: 75 år og eldre (påminninga går ikkje ut til alle over 65 år fordi Folkehelseinstituttet si oppdaterte anbefaling gjeld frå og med 75 år) 
  • Influensavaksine: 65 år og eldre 
  • Pneumokokkvaksine: fødde i 1960

Påminninga er automatisk laga og basert på opplysningar om manglande vaksinasjonar i nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Det er ingen personar som ser opplysningar om deg.