Er du vår mann?

“Menn i helse” skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren - og no er vi på leiting etter deltakarar til kull 2024. 

Har du lyst på ein ny karriereveg? Meld deg på informasjonsmøtet 30. januar!

Bli helserekrutt

Bjørnafjorden kommune søkjer etter deg som er ein vaksen, arbeidssøkande mann i alderen 25-55+ år. Du får ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom “Menn i helse” - og svært gode sjansar for ein fast og meiningsfylt jobb.

Utdanningsløpet er komprimert og tilrettelagt. Under utdanning får du tittelen helserekrutt, og vekslar mellom å motta ytingar frå NAV og lønn frå kommunen.

Menn i helse

Utdanningsløpet “Menn i helse” er eit samarbeidsprosjekt mellom NAV, utvalde kommunar, fylkeskommunar, Kommunenes sentralforbund (KS) og Helsedirektoratet. Utdanninga går over om lag 2,5 år. Fullført løp gir fagbrev som helsefagarbeidar.

Sjå filmen og les meir på mennihelse.no

Meld deg på informasjonsmøtet

Bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte kor du får vite meir om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull vil òg vere til stades for å dele sine erfaringar og råd.

I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervjuet vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12-vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Tid og stad

Tysdag 30. januar 2024, kl. 12-14

Amalie Skram videregående skole, Lungegårdskaien, Bergen Sjå kart

Meld deg på

Har du spørsmål om Menn i helse?  

Ta kontakt med fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl