Erik Vaktskjold og Cato Bakke fekk kulturstipend

Stipendmottakarar med ordførar og kultursjef - Klikk for stort bileteStipendmottakarane Cato Bakke og Erik Vaktskjold saman med kultursjef Erik Vangsnes og ordførar Trine Lindborg ved stipendutdelinga 27. juni 2023. Privat foto

Kulturstipenda frå Bjørnafjorden kommune går i år til Erik Vaktskjold (22) og Cato Johan Bakke (28). Ordførar Trine Lindborg stod for utdelinga tysdag ettermiddag.

Bjørnafjorden kommune har delt ut kulturstipend for fjerde gong. Unge mellom 16 og 29 år kan søke, og målet med stipendordninga er å stimulere og inspirere til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet. Stipenda er på 20.000 kroner til kvar.

Mange talent i Bjørnafjorden

I år kom det inn 10 søknader, og mange var sterke kandidatar til stipenda for 2023. Det er ikkje lett å samanlikna søkarane. Alle er talent på sine respektive område og fortener eit stipend. Med mange ulike kulturformer i søknadsbunken, vil det vere tilsvarande mange måtar å satsa på og utvikla talentet sitt. 
Dei to stipendmottakarane i år representerer to felt der Bjørnafjorden har markert seg godt over tid: hardrock eller «trash metal» innan musikk og ro-sport innan idretten.

Ordførar Trine Lindborg trekte fram at dei to stipendmottakarane er dyktige utøvarar innan musikk og idrett. Og at dei er gode førebilete og ambassadørar for Bjørnafjorden på kvar sine område. 

Erik Vaktskjold
Det eine stipendet i år går til den 22 år gamle roaren Erik Vaktskjold frå Os roklubb. Han presterer på høgt nasjonalt nivå og har representert Noreg internasjonalt. I denne idretten har Noreg stolte og lange tradisjonar. Erik har ambisjonar, og den store draumen er å ta del i OL. 

Cato Johan Bakke
Det andre stipendet i år går til ei kulturform og musikksjanger som sjeldan får den store merksemda lokalt, men som har eit stort publikum verda over. Stipendet går til 28 år gamle Cato Johan Bakke, som spelar hardtslåande rock innan det som blir kalla «trash metal». Cato er gitarist og spelar i banda Reptilian og Sepulcher som har speleoppdrag både i inn- og utland og har fleire plateutgjevingar bak seg. 

- Vi håper stipenda kan bidra til at dei to mottakarane kan satsa vidare og utvikla seg innan sin aktivitet kvar på sitt vis. Bjørnafjorden kommune gratulerer så mykje med stipenda og ønsker lukke til på vegen vidare, sa kultursjef i Bjørnafjorden kommune Erik Vangsnes under utdelinga.