Etter ein travel sommar er BUA klar for hausten

BUA Bjørnafjorden får stadig nye lånarar både i Os og Eikelandsosen. Mange bjørnafjordingar fekk augene opp for utlånssentralen BUA i sommar, då ferievikarane inviterte til gratis aktivitetar kvar onsdag.  

Ferievikarane Gina Istad, Torstein Haugetun og Knut Spjeld brukte sosiale medium til å reklamere for BUA sine populære pop-up-aktivitetar i sommar. Det viste seg å vere effektivt.


Dei driftige sommarvikarane oppsummerer sommaren i BUA som travel og veldig triveleg, med ein jamn straum av stort sett riktig nøgde lånarar. Lokalmedia skreiv fleire fine saker om BUA i sommar, og då merka ferievikarane straks at besøk og utlån gjekk opp. I BUA Eikelandsosen såg Vira Makarenko og Rehina Suslova òg ein markert auke i utlån samanlikna med i fjor sommar, særleg i vekene med nokolunde sommarleg vêr. 

Populært med pop-up  

Bjørnafjordingane sette dessutan synleg pris på BUA Os sine gratis pop-up-aktivitetar. Gina Istad og Torstein Haugetun fylte bilen med utstyr til variert aktivitet og dukka opp både ute og innandørs om onsdagane. Då dei inviterte til padel, var det så stor pågang at BUA måtte leige fleire banar. Dagen etter SUP-pop-up i Mobergsvika blei alle bretta lånt ut frå utlånspunktet i Os Næringspark. Nytt av året var elles eit utvida utval våtdrakter til barn, takk vere raus støtte frå Os Rotary. 

Tid for telttur?

No er hausten her, og SUP-brett og vasski er ikkje like aktuelt som i sommarferien. Men BUA har mykje kjekt til korte og lengre turar i alle sesongar. Kva med å låne bæremeis,  stormkjøkken og kikkert og ta middagen ute på ein knaus med utsyn. Eller kanskje ein kveldstur i nærområdet med tarp og hovudlykt? Om nokre veker er det haustferie. Viss familien vil prøve seg på ein overnattingstur, har BUA både telt, lavvo, soveposar og liggeunderlag til utlån, og elles det meste du treng for ei natt i naturen - eller i hagen. 

Høyrer om BUA via skulen

- Skulane i Bjørnafjorden er flinke til å tipse heimane om at dei kan låne utstyr på BUA, seier Liv-Gunnhild Qvale i BUA Os. Det merktest godt då skulane hadde ski- og skøytedagar i vinter. Så lenge isen var trygg og snøen låg, var skøyte- og skihyllene i BUA heilt tomme. Alt var utlånt. Akkurat som det skal vere, altså. Ved å låne i BUA unngår mange familiar å kjøpe utstyr som er for lite alt neste sesong.  

Tre år med BUA 

BUA Bjørnafjorden er organisert under Os frivilligsentral, som snart skal søke statleg tilskot til vidare drift av BUA. 
- BUA Bjørnafjorden har hatt treårig prosjektstøtte frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet frå oppstarten av i 2021. Når vi no skal inn i ny søknadsrunde, er det sjølvsagt eit stort pluss at bjørnafjordingane låner stadig meir utstyr, og viser at dei set pris på at dette tilbodet finst. Formålet med BUA er jo nettopp at barn og unge kan få prøve ulike aktivitetar utan at alle treng å kjøpe sitt eige utstyr. Det er bra for både miljø, folkehelse, inkludering og økonomi, seier dagleg leiar av Os frivilligsentral Stine Kobbeltvedt.