Fagseminar om lønnsam utvikling av garden

Bjørnafjorden landbrukskontor inviterer til fagseminar om lønnsam utvikling av driftsbygninga på gardsbruk og omlegging til lausdrift. Medarrangørar er Innovasjon Noreg Vestland og Innlandsfjøs-prosjektet. 

Fransisco Munoz

Møtet er for alle som driv med eller planlegg å begynne med produksjonsdyrhald, og spesielt for deg som driv med mjølk- eller storfekjøtproduksjon og skal løyse lausdriftskrav. For dei det gjeld, ta gjerne med påtroppande generasjon. 

Stad 

Bjørnafjorden rådhus på Osøyro, kommunestyresalen i 4. etasje

Dato / tid

Onsdag 5. februar klokka 18.30.

Program

  • Velkomen ved landbrukssjef Simon Wolff 
  • Lønnsam utvikling av garden gjennom langsiktig planlegging og trinnvis bygging. Lars Erik Ruud/Innlandsfjøs-prosjektet 
  • Finansiering av fjøs: Innovasjon Noreg sine ulike investeringstilskot 

Enkel servering, gratis deltaking. Det blir sett av tid til å stille spørsmål til innleiarane. Har du ikkje høve til å møte fysisk håper vi du kan delta via nett. Kryss av i påmeldingsskjemaet om du deltar fysisk eller digitalt. 

Her kan du laste ned invitasjonen som pdf (PDF, 290 kB)

Påmeldingsfrist 3. februar

 Meld deg på her