Fastlegelister flytta frå Sjøkanten legesenter til Osøyro legesenter
To fastlegeheimlar og helsesekretærane har flytta frå Sjøkanten legesenter til nyoppretta Osøyro legesenter. Legesenteret ligg i Brugata 50 på Osøyro.
Telefonnummeret er det same som før: 56 57 00 20
Alle pasientar som har stått på lista til dei to fastlegeheimlane ved Sjøkanten legesenter, blir automatisk overført til Osøyro legesenter. Dei dette gjeld vil òg få melding via Helfo.
Sist endra 05.03.2024 10:20