Feil i fagsystemet HSPro

Leverandør Visma har oppdaga ein feil i fagsystemet sitt, HsPro. Dette systemet er mellom anna i bruk i skulehelsetenesta i Bjørnafjorden kommune.

Feilen gjeld manglande lagring av tekst i ein avgrensa del av systemet. Det vil seie at det i nokre tilfelle kan vere opplysningar som ikkje har blitt lagra. Vi veit ikkje om dette faktisk har skjedd i Bjørnafjorden kommune, sidan Visma ikkje greier å avdekke omfanget.
Til dømes: Dersom ein helsesjukepleiar har kryssa av for alternativet “2-3 gonger i veka” på spørsmålet “Kor ofte er barnet fysisk aktivt?” og deretter har notert “Barnet spelar fotball”, er det mogleg at den siste kommentaren ikkje er lagra i journalen. Ingen opplysningar er på avvege. 

Ingen konsekvensar

–Vi er sikre på at feilen ikkje har gitt alvorlege konsekvensar for innbyggarane eller for vår oppfølging av barn og unge i Bjørnafjorden. Vi har oppgradert til nyaste versjon av fagsystemet, der feilen er utbetra, seier leiar for Førebyggande helsetenester, Marita Måge.