

Driftsansvarleg Heidi Skår Dale i BUA Eikelandsosen fortel om godt oppmøte rundt bålpanna på plenen ved Kommunetunet. RØFF, ungdomsgruppa til Fusa Røde Kors, var medarrangør. Dei rigga lavvo og hadde stor suksess med trugeløp på plenen.
Dei tre som hadde alt rett på kvissen visste litt av kvart, blant anna at bålforbodet i utmark gjeld 15. april til 15-september, og at BUA Bjørnafjorden har skeiser storleik 47 til utlån.
Nytt utstyr i Friluftslivets år
I Mobergsvika arrangerte BUA "Heile Noreg bålar" saman med Knutabruo 4H, 1. Os KFUK-KFUM-speidarar, Os Rotary, og Bergen og Omland Friluftsråd.
Liv Gunnhild Qvale, prosjektkoordinator i BUA Bjørnafjorden, har opplevd fleire gonger at det blir heilt tomt i hyllene i BUA, særleg når vintervêret slår til og det blir ski- eller skeiseføre i nærområdet vårt. Takk vere raus støtte frå Sparebankstiftelsen SR-bank kan BUA Bjørnafjorden fylle på med ymse utstyr før vinterferien, slik at endå fleire kan få prøvd langrenn, slalåm, truger eller snowboard.
Låne bålpanne?
Ungdommane Elias og Ada heldt fyr i bålpanna i Mobergsvika. Dei jobbar torsdagar i BUA Os, og låner ut det du treng eller har lyst til å prøve, inkludert bålpannne. Os Rotary hadde kjøpt inn ny bålpanne til opninga av Friluftslivets år. Etter arrangementet donerte Rotary bålpanna til BUA, så no har vi to til utlån i BUA Os, og ei i Eikelandsosen. Skal du arrangere utebursdag eller klassesamling? Lån bålpanne på BUA!
Her finn du oversikt over utstyret du kan låne i BUA Os og i BUA Eikelandsosen.
Og hugs, dette var berre starten! Friluftslivets år varer heile 2025.
God tur!