Fine festivaldagar på biblioteket

Sist veke inviterte Bjørnafjorden bibliotek til litteraturfestival. Torsdag, fredag og laurdag var det ekstra mykje liv i folkebiblioteka våre. 

Det var arrangement både i hovudbiblioteket på Os og i filialen i Eikelandsosen, og tilbod til alle aldersgrupper. Fin stemning og godt besøk både på foredraget om slektsforsking, samtalen om omsetjing, skrivekurset og og høgtlesinga. Dei aller blidaste var kanskje dei unge bokbindarane som fekk lage si eiga bok heilt frå botnen, og som gledde seg til å gå heim og fylle sidene med teikningar og historier. 

Alle arrangement i biblioteket sin regi er gratis og opne for alle.