Fjerdeklassingar på tidsreise

Dei neste vekene kjem det til å kry av ni-ti-åringar i Vargavågen. I løpet av ein uvanleg skuledag tar elevane turen innom steinalder, bronsealder, jarnalder og vikingtid. Guidane på tidsreisa er ekspertar på fortida. 

4 B frå Kuventræ på fortidstur. Kuventræ barneskule

Med skulesekken full av læring og opplevingar

Kor lenge er det eigentleg sidan bronsealderen? Korleis smakar steinaldergraut? Kva laga vikingane kleda sine av? Er det sant at det går an å skjere i kleberstein med kniv? 

Viss du kjenner ein fjerdeklassing, kan du snart få svar på alt dette og mange fleire spørsmål om fortida i Bjørnafjorden. Opplegget i Vargavågen er ein del av Den kulturelle skulesekken (DKS). Det blei opprinneleg utvikla av Hordamuseet, og blir no vidareført som eit samarbeidsprosjekt. Espen Kutchera, arkeolog ved Bymuseet i Bergen, og Louise Bjerre Petersen, som jobbar med feltarkelogi i Vestland fylkeskommune, tar seg av det faglege, medan Kultureininga i Bjørnafjorden kommune organiserer logistikken.  

Pil og boge og fortidsklede

I Vargavågen er forhistoria synleg gjennom helleristningar, klebersteinsbrot og heller. Det er ikkje så lett å forstå dei eldste kulturminna på eiga  hand, men med levande undervisning får elevane eigarskap, tilhøyrsle og forståing for dei eldste kulturminna våre.

Elevane får skyte med pil og boge, jobbe med kleberstein, kalkere helleristingar og forstå motiva,  og prøve gjenskapte manns- og kvinneklede for fortida. Alle får smake på fortidsgrauten kokt i klebersteinsgryte, men kanskje like lurt at dei har med seg matpakke til lunsj.