Flaum- og skredfare på oransje og raudt farenivå

Det er varsla svært store nedbørsmengder dei neste par døgna. NVE har oppgradert farevarselet for flaum og skred for store delar av Vestlandet. Varselet gjeld heile Bjørnafjorden kommune. 

– Pass på å halde slukar og renner opne. Rydd vekk rusk og rask som kan hindre vatnet i å renne vekk. Eg vil oppmode alle til å gjere dette medan det enno er lyst, seier einingsleiar for samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland.

Skalk lukene! Raudt og oransje farevarsel for flaum eller skred gjeld heile Bjørnafjorden kommune dei neste dagane. Skjermknips frå varsom.no

Det er meldt skredfare på oransje nivå frå tysdag, og flaumfare på raudt og oransje nivå frå og med onsdag ettermiddag. 
I tillegg er det raudt snøskredvarsel høgt til fjells. 
– Dette er ein svært alvorleg situasjon som kan føre til omfattande konsekvensar og skader, melder NVE på varsom.no.

Årsaken til farevarselet er at det er meldt ekstremt mykje regn og høg snøsmelting tysdag og onsdag.

Råd frå NVE 

  • Følg med på varsom.no og yr. no. Varsla blir oppdaterte jamleg.
  • Følg med i media og rett deg etter beskjedar fra politi, kommune og andre beredskapsaktørar.
  • Om du som privatperson er bekymra for situasjonen din lokalt:
    • ta kontakt med kommunen dersom du skal melde om ei hending.
    • kontakt politiet på 112 dersom det er fare for liv og helse.
    • kontakt nettselskapet eller fjernvarmeleverandør om du opplever straumbrot eller fjernvarmebrot.
  • Sjå trafikkmeldingar på vegvesen.no
  • Vurder kor stort behov du har for å reise eller opphalde deg utandørs når vêret står på som verst.
  • Hald deg unna bratt terreng, bekkar og elveløp med stor vassføring.
  • Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv slik at vatnet kan renne fritt.
  • Sjekk gjerne at slukane i nabolaget ditt er opne. Kommunen sine folk står på det dei kan, men vi når ikkje over alt.  
  • Har du ein nabo som av ein eller annan grunn ikkje kan sjekke eigne slukar og renner? Kanskje du har tid og kapasitet til å gi ei hand?