Flinke folk i sving på Lyngheim

- Tre er òg ein del av kulturarven vår, seier Knut Geelmuyden frå Eigedom drift.

Saman med kollega Wenche Hope Lepsøe er han i full gang med å skjere og stelle på platanlønn, engelsk alm, lundalm og breibladasal som blei planta på Lyngheim for om lag 100 år sidan.

Slik sikrar dei at trea får ein ny vår - år etter år.

Kommunen har “grøntansvar” for parken på Lyngheim. Det store treet i bakgrunnen er for øvrig ein apeskrekk - det tredje største treet i sitt slag i Noreg.

 

Høgt heng ho - men like blid. Wenche Hope Lepsøe trivst godt i tretoppane.- Lyngheim er ei perle! Her veks det artar som vi knapt ser andre stader i nord. Eg likar å kalle området for Palmekysten, smiler gartnar Knut Geelmuyden.