Friskliv og meistring Bjørnafjorden blir avvikla frå april

Bjørnafjorden kommune er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Som eitt av fleire tiltak for å bidra til balanse mellom utgifter og inntekter, har kommunestyret vedtatt å legge ned Friskliv og meistring Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden kommune vil dessverre ikkje lenger ha tilbod om Friskliv og meistring frå 8. april 2024.