Frivillig arbeid som valfag

Fire tiandeklassingar frå Os ungdomsskule har Innsats for andre som valfag. Det betyr utvida opningstider i BUA Os.  

Kvar tysdag i haust frå klokka 12.30 til 14.30 er det Vilde, Mohammed, Erling og Aksel som står bak utlånsdisken i BUA Os.

Vanlege opningstider i BUA Os er tysdag og torsdag frå klokka 17 til 19. Fram til jul er det ekstra opningstid kvar tysdag. Frå klokka 12.30 til 14.30 møter du fire sørvisinnstilte ungdommar i BUA-lokala vegg i vegg med hovudbiblioteket i Holtbrekka. 

Vilde, Mohammed, Erling og Aksel fortel at dei fekk i oppgåve å finne ein stad dei kunne gjere ein frivillig innsats for å hjelpe andre. Dei fekk ja i BUA, og no er dei godt i gang. Allereie første tysdag på vakt lånte dei ut både skateboard, sparkehjul og stormkjøkken, og dei har full kontroll på utlånssystemet. 

Ungdommane er einige om at utvalet i BUA er godt, og at det er veldig bra at folk kan låne utstyr til sport og friluftsliv gratis i ei veke. 
Leiar i BUA, Liv Gunnhild Qvale, er særs nøgd med å ha fått ekstra krefter i arbeid, ikkje minst til å få på plass ski og anna vinterutstyr.