Fusa Elektro er miljøsertifisert
Håvard Kyrkjeteig Bjørnør, dagleg leiar John Einar Vik og Lena Haugen Dalland i Fusa Elektro med beviset på sertifiseringa.
Trine Lindborg
Fusa Elektro AS fekk torsdag overrekt sitt synlege bevis på sertifiseringa som Miljøfyrtårn.
Dagen blei feira med kake og besøk av ordførar Trine Lindborg.
- Det er stor stas at vi i vår kommune har eit næringsliv som så aktivt søkjer Miljøfyrtårn sertifisering. Det er eit kvalitetsstempel og kan fort verta eit konkurransefortrinn ved tildeling av kontraktar og oppdrag, både for det offentlege men også på mindre oppdrag for privatkundar, sier Lindborg.
Gratulera med dagen til Fusa Elektro AS!
Publisert av Elisabeth Farstad
Sist endra 25.02.2022 09:59