"Gammalt" namn på ny veg i Lysefjorden

I samband med vegopninga har kommunen fått fleire forslag frå publikum om namn på nyevegen i Lysefjorden. Vi takkar for engasjement og kreativitet, men denne gongen blir det ikkje ei eiga namnesak. 

Ny tilførsleveg til Lysefjorden frå E39 får namnet Drangsvegen.

Bilde av eit kryss på strekninga Åsen-Helleskaret - Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune


 

Nyevegen til Lysefjorden fører direkte inn i Drangsvegen fv 5158. For å få ein samanhengande lengre strekning i adresseringa, har kommunen landa på å nytte same namnet på den nye vegstubben. 

Dermed blir Drangsvegen namnet på heile adresseparsellen frå avkøyringa ved E39 ut til snuplassen på Baland. 
Vi vurderer dette som både logisk og forenklande av beredskapsomsyn, dersom utrykningskøyretøy må finne fram til rett stad.