Gi unge sommarjobb med støtte frå NAV

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Mange unge står av ulike årsaker eit stykke unna arbeidsmarknaden. Ein sommarjobb vil kunne gi dei verdifull jobberfaring og betre moglegheiter vidare i arbeidslivet.

Dersom du gir sommarjobb til unge arbeidsledige, kan du få tilskot til lønn frå NAV. Du kan finne kandidatar sjølv, eller NAV kan hjelpe deg å rekruttere.

  • Tiltaket gjeld personar mellom 16 og 29 år, som NAV vurderer har behov for arbeidsretta bistand. Det vil seie at NAV har vurdert at dei treng ekstra hjelp for å komme seg i jobb.
  • Tilskotet frå NAV dekker 50 prosent av lønna til deltakarar under 30 år i inntil fire veker. For personar med nedsett arbeidsevne dekker NAV 75 prosent av lønna.
  • Tiltaket må starte innanfor perioden 1. juni og 31. august. NAV kan unntaksvis godkjenne sommarjobb utanfor denne perioden.

NAV gir ikkje tilskot dersom bedrifta har permitterte tilsette.

Kva kan du forvente som arbeidsgivar?

Tilskot til sommarjobb er ei støtteordning for deg som arbeidsgivar. Deltakarar blir tilsette i mellombels stilling på ordinære lønns- og arbeidsvilkår. Deltakaren skal utføre ordinære arbeidsoppgåver i verksemda.

Korleis går du fram?

Vi må inngå avtale om tilskot til sommarjobb før oppstart. Det er rettleiaren hos NAV eller du som arbeidsgivar som oppretter avtalen.

Les meir om tilskot til sommarjobb her